Høyanger vidaregåande skule
Emile Rørvik og Nikolas Astor

Emilie og Nikolas vann!

Årets bordtennisturnering var avslutta torsdag 2. mai med semifinalar og finalar. Desse vart spelt foran eit stort publikum i kantina.  

Raudrussen viser at dei er i god form, sjølv om dei er midt i russefeirnga.  Dei kom til finalen både i jente- og gutteklassen, representert ved Emile Rørvik og Lars Øygard. Emilie møtte Vanja Måredal i finalen. Det var ingen kven som helst.  Vanja vant nemlig fjorårets jentefinale.  Lars derimot møtte eit ungt lovande talent frå 10A ved namn Nikolas Astor.  

Kjell Erik Olsen var dommar i alle kampane og melder om jamnspelte kampar og god innsats.  Jenteklassen vart vunnen av Emilie 15-13, medan Lars måtte sjå seg slått av Nikolas.  Resultatet der vart 12-15.  Dei to vinnarane fekk ein gåvesjekk på kr 100,- kvar, som dei kan nytte hos "MacMagnar's".  GRATULERER til begge to!

Bordtennisturneringa starta i veke 42, like etter haustferien og det er spelt vel 80 kampar før ein stod att med to vinnarar.

Takk til kroppsøvingsseksjonen for vel gjennomført turnering og takk til alle som deltok!

Bilete frå finalane:

Bordtennis

Bordtennis

 

Tips ein ven Skriv ut