Gruppebilde av 1STA

Foto: Kristin Råsberg

Ekskursjon på Høyanger Sørside

Næringar i endring var tema da 1STA var på tur.

Måndag 19. mars reiste 1STA til Høyanger Sørside for å lære meir om utviklinga i primærnæringane, fiskeoppdrett og kraftutbygging.
Vi hadde med oss næringssjef Terje Søreide og Birgitta Hagen frå Høyanger Næringsutvikling. Næringssjefen var guide på bussturen frå Høyanger gjennom Kyrkjebø, Vadheim og Lavik. På vegen fekk vi mykje informasjon om næringane langs fjorden.

Første stopp var garden til Eldfrid Førde. Dei har investert i ein moderne fjøs med mjølkerobot og frittgåande kyr. Ho fortalde mykje om korleis ho driv garden, og korleis drifta har endra seg frå før til no. Vi fekk med oss buff og energidrikk frå Tine før vi reiste vidare til Østerbø.
På Østerbø vart vi møtt av Geir Helge Østerbø frå Osland Havbruk. Før vi fekk sjå det nye settefiskanlegget deira, tok han og SFE oss med inn i den nye tunnelen til kraftverket som er under bygging. Etterpå spanderte dei lunsj på oss i brakka, og prosjektleiaren i SFE ga oss ein flott presentasjon av prosjektet! Vi er invitert tilbake om to år når anlegget er ferdig!

Vi fekk omvising og høve til å stille spørsmål dei som arbeider ved settefiskanlegget. Målet var å lære meir om fiskeoppdrett i forhold til arealutnytting både i sjø og på land, samt kunne stille spørsmål om berekraftig utvikling. Siste stopp for dagen var Ortnevik der Jan Arne Brekke ved Sogn Aqua fortalde om oppdrett av kveite på land. 
Som siste del av arbeidet om næringar i endring heldt historikar Gaute Ljotebø i dage eit foredrag om kraftutbygginga i Høyanger kommune i klasserommet. Klassen skal skrive ein rapport om emnet på bakgrunn av alt dei har lært.

2018 Gardsbesøk sørsida

2018 Sogn Aqua Sørsida