Før-eksamen

Eksamen 2018

IKT avdelinga kjem med viktig informasjon i forkant av eksamen

Det er viktig at alle som skal opp til eksamen har alle hjelpemiddel tilgjengeleg offline (for eksempel: på minnepenn eller lokalt lagra på PC-en).
Vi ber difor alle om å sjekke PC-en sin no og ikkje same dag som dei skal opp til eksamen. I tillegg er det lurt å sjekke om Office, Geogebra og evt. Clarify fungerer som det skal.
Vi har på heildagsprøver vert ute for elevar som ikkje har starta PC-en sin på månader, og da sjølvsagt må laste ned mange oppdateringar før eleven kan logge på maskina.
Dette er ekstra viktig no når Microsoft har rulla ut ei større oppgradering.

Nytt i år er Modell 3 – Alle hjelpemiddel er tilgjengeleg. 
Kommunikasjon er framleis ikkje tillate og dei generelle reglane for eksamen gjeld. Verken skriftleg eller munnleg kommunikasjon er tillate, og i språkfag er det heller ikkje tillate med oversetjingsprogram. Å publisere noko på internett reknast som kommunikasjon. Hugs som tidlegare nemnt; Fronter og Online program i Office 365 er ikkje tilgjengeleg i Eksamensmodus.

Her ligg ei lenkesamling med ressursar som er tilgjengeleg i Eksamensmodus.


Første eksamen er 23. mai.  Eksamensdatoane ligg og i kalendaren.