3 elevar spelar ishocky

Ein annleis kroppsøvingstime

I dag brukte 3STA kroppsøvingstimane på Sæbøtjørna

Når sola skinner er det særs bra å kombinere idrett og friluftsliv, og ekstra kjekt blir det når det er sikker is på Sæbøtjørna. Det har vi ikkje kvar vinter! 
Men i dag var tilhøva perfekte og lærar Dan, som er amerikanar, bestemte seg for å gjennomføre ishockytrening med klasse 3STA.
For ein elev var dette ei fyrstegongsoppleving. Resten av klassen hadde gått på skøyter før.   
Ein perfekt dag i solskinnet, rett og slett.

3STA_skoyte alle.jpg