
Ein annleis kroppsøvingstime
I dag brukte 3STA kroppsøvingstimane på Sæbøtjørna
Når sola skinner er det særs bra å kombinere idrett og friluftsliv, og ekstra kjekt blir det når det er sikker is på Sæbøtjørna. Det har vi ikkje kvar vinter!
Men i dag var tilhøva perfekte og lærar Dan, som er amerikanar, bestemte seg for å gjennomføre ishockytrening med klasse 3STA.
For ein elev var dette ei fyrstegongsoppleving. Resten av klassen hadde gått på skøyter før.
Ein perfekt dag i solskinnet, rett og slett.