Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag
Sølve Andre Dale

Sølve Andre Dale

Dette gjer noregsmeisteren no

Sølve Andre Dale (18) kunne velje å vrake i læreplassar etter å ha blitt noregsmeister i elektrikarfaget. Han valde noko som gir varierte arbeidsoppgåver, og møte med menneske.

– Det var jo heilt kjempefantastisk å vinne NM, det var stort for meg, fortel Sølve Andre Dale frå Leirvik.

I utgangspunktet ville Sølve Andre «være med for å sjå nivået», han hadde ikkje førestilt seg at han skulle nå heilt til topps under NM-kåringa i 2019.

NM-oppgåva løyste han saman med Ola Nedberge Hille. Både dokumentasjon og gjennomføring blei vurdert.

– Vi gjorde nok dokumentasjonen veldig bra, kanskje det var der vi var betre enn dei andre. Men gjennomføringa var nok heilt ok den også, seier Sølve Andre. 

Også året før vann elektroelevane frå Høyanger vidaregåande skule fylkesmeisterskapen, og var dermed med i den nasjonale finalen. Nettopp nivået på skulen, og på lærekreftene der, er noko av det Sølve Andre trekkjer fram når han tenkjer tilbake på opplevinga:

Har nivået inne

– Lærarane ved Høyanger vidaregåande skule er veldig flinke, og dei er oppdaterte på fagområda sine. Dei gav oss også svært god oppfølging heile vegen, både i den vanlege undervisninga, og spesielt opp mot NM, seier Sølve Andre.

Som hybelbuar i Høyanger trekkjer han også fram det gode miljøet i bygda og på skulen. Det er neppe tilfeldig at elevar frå Ytre Sogn ofte kjem innover til Høyanger for å gå på vidaregåande, spesielt for å gå elektrofag.

– Du veit, ordet går her ute. Det er ein bra skule!, slår Sølve Andre fast.

Mange høgdepunkt

Når Sølve Andre ser tilbake på skuletida i Høyanger, er det fleire høgdepunkt å trekkje fram: Dei bygde ei straumforsyning heilt frå grunnen av allereie i 1. klasse, dei var på skuletur til Sverige, og dei starta elevbedrift som tok heilt reelle installasjonsoppdrag:

– Vi gjorde til dømes mykje installasjon på sjølve skulen, det var grådig kjekt å prøve seg på, minnest Sølve Andre.

Allereie før NM i elektrikarfaget var han i dialog med fleire aktuelle verksemder for ei lærekontrakt. Men sjølv utan NM-tittel, er utsiktene gode til å få læreplass etter å ha gått yrkesfag ved Høyanger vidaregåande skule:

Variasjon og møte med menneske

– Yrkesutdanninga er jo på ingen måte ferdig etter dei to åra hjå oss. Perioden som lærling er svært viktig, både for den einskilde eleven/lærlingen, og for næringslivet. Derfor legg vi ned mykje innsats i å hjelpe elevane til å velje riktig, seier Ståle Walsvik, avdelingsleiar for yrkesfag ved Høyanger vidaregåande skule.

Sølve Andre valde å ta si læretid hjå Multivolt. Her arbeider han med alt i frå mindre privatinstallasjonar, til større industri- og byggeprosjekt. Akkurat no arbeider han med det nye handelssenteret i Dale. Men det var også viktig for han å få reise ein del rundt i jobben:

– Det var rett for meg, fordi det gir mykje variasjon i kvardagen, og eg treffer mange ulike menneske. Det aller beste? Det må være folka eg jobbar med, ja, heilt klart – folka!, avsluttar Sølve Andre Dale. 

Å montere skap er ei av dei mange oppgåvene Sølve Andre Dale får prøve seg på som lærling hjå Multivolt.
Å montere skap er ei av dei mange oppgåvene Sølve Andre Dale får prøve seg på som lærling hjå Multivolt.