Kunsten i kvam (2)

Den kulturelle skulesekken

I dag hadde skulen besøk av Merethe Offerdal Tveit i regi av DKS

Ho har regissert filmen "Odelsgut og fantefølge" som kjem innunder DKS-turneen "Kunsten i Kvam".  Tilbodet var til alle vg2 elevane, men pga omsyn til smittevern fekk berre 2STA sjå filmen.  
 

“Odelsguten og fantefølge” er ein dokumentarfilm som fortel historia om korleis eit kunstverk sette ei lita bygd på hovudet. Ein mørk septemberkveld kom nokre mystiske kunstnarar til bygda Kvam og sette opp ein installasjon av ein stokk, ein stein og ein møkkspreiar. Ingen i bygda skjøna noko av dette. Var det kunst?Og då lokalavisa skreiv kor mykje kunsten kosta, kom dei sinte reaksjonane: 400 000 kr for ein gammal, rusten møkkspreiar frå fyllinga!  Etter store protestar vart kunsten fjerna.Nasjonale media skreiv om skandalen i Kvam, og bygda vart brått sett på kartet. Historia tok etterkvart uventa vendingar,  -   det vart stille att i Kvam, men var det eigentleg slik folk ville ha det…?

Etter framsyninga fortalde regissør Merethe Offerdal Tveit om filmprosjektet. Korleis det kom i gang og korleis det utvikla seg.  Ho tok seg og tid til å fortelje elevane om kva jobben som regissør og produsent inneber.

Merethe Offerdal Tveit (foto: Torill Thorbjørnsen)

Regissør Merethe Offerdal Tveit   Odelsgut og fantefølge
No skal elevane og dei andre som såg filmen evaluere og sende tilbakemeldingane sin til DKS Vestland.