Logo med sjørøvar og anker

Bra oppmøte på open skule

Det var godt oppmøte og gode tilbakemeldingar frå dei som deltok på open skule

Det var i samband med Tryggleiksveka til Høyanger kommune at det vart arrangert open skule på Høyanger vgs.   Ansvarleg var Robinson Navy v/Alex Ek og teamet hans.
Før på dagen var det tryggleikskurs innan førstehjelp og brannvern for vg1 elevane på Høyanger vgs., samt et godt føredrag om Livsmeistring.  På denne måten markerte skulen "Verdsdagen for psykisk helse" som er den 10. oktober.  

Ungdom frå og med 8. klasse kunne vere med på sjølvforsvarkurs, mange såg film og spelte musikk. Fagforeningens Musikklag hadde ein stand kor dei kunne prøve ulike instrument.  I tillegg kunne dei spele brettspell og det vart m.a. arrangert turneringar i sjakk, bordtennis og airhocky.  Waldemar vant bordtennisturneringa, mens Ole-Øystein stakk av med sigeren i både sjakk- og airhockyturneringa.  I Reodorgarasjen kunne dei mekke på mobed og i Høyangerhallen var det basistrening og innebandy.  På kaia hadde klatreklubben opent for omvisning.  Bygget er blitt oppgradert, etter brannforskriftene, og ein håpar å kunne ta det i bruk i slutten av oktober.  

Magnar hadde kantina open og solgte nystekte kanelbollar m.m.  

Alex håpar å få til open skule att den. 22 oktober. Dette i samband med lærlingesamling i Høyanger. Følge med på Facebooksida til skulen og på inforskjermane.

Waldemar.jpg
Vinner av bordtennisturneringa

Sjakk.jpg
Vinnar av sjakk- og airhocky turneringa
 

Korps.jpg
Test av instrument hos FML

Takk til alle som bidrog denne dagen!

Tips ein ven Skriv ut