Høyanger vidaregåande skule
2STA med Caroline

Bortebuarstipend skuleåret 2021/2022

Ordninga til Høyanger kommune vert utvida neste skuleår

LIke før jul vedtok kommunestyret å utvide stipendordninga for elevar ved Høyanger vidaregåande skule som må bu på hybel.
Stipendramma vart auka frå 50 000,- til 100.000,-, og skal gjelde elevar med ungdomsrett som har rett på nærskulepoeng ved Høyanger vidaregåande skule.

Dvs at også elevar utanfor Høyanger kommune kan søkje stipend frå kommunen.

Søknadsfrist er 1. september kvart skuleår.  Elevane kan søkje når det har fått bekrefta skuleplass ved Høyanger vgs.

Retningsliner for stipendordninga

Stipend HK.jpg