Nye møbler på biblioteket

Skulebiblioteket

Høyanger vgs har nyleg oppgratert skulebiblioteket. Vi har fått nye møblar og koslege sittegrupper. Her kan ein velje å arbeide individuelt eller i grupper.
Biblioteket er ope alle skuledager frå 08:00 - 15:30.

Det er skulebibliteket som lånar ut lærebøker til elevane.  Alle må vere registrert og signere avtale for utlån. Dersom eleven er under 18 år må føresette skrive under og.

Skulebiblioteket er alltid ope i skuletida, og er ein stad kor du som elev kan sitje å arbeide i tillegg til å låne bøker, leige film eller lese aviser/tidskrifter

I tillegg til fagbøker har vi og eit godt utval av gamle klassikarar og nye bøker.  Vi har romanar og lettleste bøker.
 

Bibliotekaren er til stades på desse tidene

Måndag 10:20 - 12:30
Tysdag     10:20 - 13:00
Onsdag    10:10 - 11:00
Torsdag 10:10 - 11:00
Fredag 08:30 - 10:30


Nye elevar ved skulen får opplæring i bruk av skulebiblioteket. Det skjer i september.Dersom bibliotekaren ikkje er tilstades kan kontoret hjelpe deg.

Kontakt

Merethe Vedvik
Bibliotekar
merethe.vedvik@vlfk.no
57 63 78 03 / 917 39 256

Relaterte lenker

Dokument