Logo

Årets viktigaste russeknute!

Også årets Høyangerruss har vald å gjere ein innsats for å samle inn pengar til Kreftforeininga. 

Målet er å samle inn 50.000,- kroner og dermed slå fjorårets russ som samla inn kr 47.000,- kroner.  Det er aksjonskomiteen ved Høyanger vgs. som seier dette i eit intervju med Ytre Sogn Avis.  Leiar av komiteen, Ulrikke Svedal Hellem, seier og at det er vorten tradisjon for Høyangerrussen å delta i aksjonen "Krafttak for kreft". I år vil dei gå med bøsse rundt om i kommunen i veke 11. 
Dei som ikkje er heime kan vippse til nummer 451009 eller gi ei gåve via heimesida til Kreftforeininga.

I år skal pengar som kjem inn brukast til kreftforskning som skal bidra til at fleire overlever samt gje gode omsorgstilbod til pasientar og pårørande.  Dette var og tema i 2019 og da fekk dei inn totalt 42 millioner kroner.  Rekorden for Høyanger vgs er derimot 82.000,- kroner.  Det var det russen i 2018 som oppnådde.

Vi er stolt over den innsatsen russen ved Høyanger vgs. gjer og håpar innbyggjarane tek vel i mot bøssebærarane i neste veke. Kanskje vert det ny rekord?.

Årets aksjonskomitee: F.v: Ulrikke Svedal Hatlem, Hedda Stølen Olsen og Andrine Titlestad Høyvik

3 elevar med bøsse 
Foto: Sissel-Tove Litzheim.