Vinnerane av bordtennisturneringa

Årets bordtennisturnering vart avslutta i dag

Endeleg var det tid for finalar 

Bordtennisurneringa byrja i oktober i veka etter haustferien og kampane i dei innleiande rundane har vore spelt i langfriminutta. Alle ved skulen var invitert til å delta og vel 100 melde seg på.  I dag vart altså turneringa avslutta med to flotte finalar i eit utvida langfriminutt.  Finalen gjekk føre seg i skulekantina med eit litt større publikum.

I jenteklassen spelte Heidi Kristin Humlestøl, vg2 frisør og Vanja Måren, vg1 stud. spes. finale. Vinnaren vart Vanja Måren.

I gute/herreklassen spelte Thomas Ruskedal, vg3 stud. spes. og Kjell Erik Olsen, lærar finale.  Olsen vart for sterk for Thomas og gjekk av med sigeren.

Vi gratulerer begge vinnerane. Premieutdeling skjer under sommarfesten 21. juni.

Her er nokre bilete frå dagens finalar;

Vanja og Heidi spelar finale i bordtennis

Kjell Erik og Thomas spelar bordtennisfinale

Til slutt vil vi takke kroppsøvingsseksjonen for vel gjennomført turnering, men og alle dei som har vore med og spelt.  Veldig kjekt med aktivitetar som inkluderar alle. Dvs. tilsette, vgs-elevar, 10. klassingar og elevar og tilsette ved norsksenteret.
Vi har fått bekrefta at det vert ny turnering neste skuleår. Det vert i så fall den 5. utgåva! Da er det er berre å halde bordtennisformen ved like i sommar!