Høyanger vidaregåande skule
Ungdomsparti på scena i Høyanger samfunnshus

Vel gjennomført valtorg og debatt

Ni ungdomsparti var representert under valdebatten og valtorg på Høyanger samfunnshus i dag. Debatten vart leia av Kjell Erik Olsen og Marius Varden Fossen frå 2STA. 

Politikarane måtte svare på mange og gode spørsmål frå salen. Tema som vindkraft, el-bilar, abort og vidaregåande skule i nye Vestland fylkeskommune var oppe. Det var til tider høg temperatur under ordskiftet, og politikarane viste stort engasjement! Etter debatten fekk elevane høve til å besøke partia sine valtorg i festsalen.
 
Vi håpar at elevane har fått eit innblikk i kva dei ulike parti står for, og har gjort seg ei formeining når dei no går til skuleval i morgon tysdag 3. september.

Ungdomspartia på scena på Høyanger samfunnshus ism skulevalet

Her er dei ulike partia på scena i Høyanger samfunnhus i lag med ordstyrarane

Godt val!

Tips ein ven Skriv ut