Erasmus  kube

Jobshadowing

Denne veka har vi besøk av to lærarar frå Ronneby i Sverige

Anders og Malin frå Gymnasieskolan Knut Hahn i Ronneby er på jobshadowing gjennom Erasmus+.
 
De skal obesrvere og lære om korleis skulekvardagen er hos oss. Dei skal og vere i GMU klassen for å lære om norskopplæring for framandspråklege. Dei skal ha samtalar med lærarar og leiinga samt besøke Høyanger skule. 

Ansvarleg for dei to gjestene er Erlend Skreien, men frå tidlegare erfaring reknar vi med at dei to vert godt motteke av alle både i klasserommet og over ein kopp kaffi på pauserommet.

For dei som ikkje veit det er også Ronneby Høyanger kommune sin vennskapsby i Sverige.
Ideen om vennskapsbyar utvikla seg etter 2. verdskrigen for å styrkje samarbeid, kjennskap, identitet og forsoning mellom byar og kommunar i Europa. Målsettinga med vennskapsbyar er m.a. å utveksle erfaring kring viktige samfunnsspørsmål og kommunalt utviklingsarbeid.

Tips ein ven Skriv ut