Foto av veteranbåten DS Stavenes.
Foto av veteranbåten DS Stavenes.

DS Stavenes får over 4,3 millionar kroner frå Riksantikvaren. Foto: B. Ystebo/flickr.com

Nesten fem millionar til tre veteranbåtar

DS Stavenes, MS Stangfjord og MS Solundir får til saman over 4,9 millionar kroner når Riksantikvaren no kjem med årets tildeling til fartøyvern.

Av dei tre båtane i Sogn og Fjordane, er det DS Stavenes som får klart mest med 4 371 200 kr. MS Stangfjord får 500 000 kr, og MS Solundir får 50 000 kr.

Maritim historie

− Fartøyvernet gjer historia vår levande og tilgjengeleg. Landet rundt blir det gjort eit viktig arbeid for at desse flotte, gamle skipa skal vere i god stand. Fartøya fortel om den maritime historia til Noreg. Det er viktig at staten bidreg med pengar til istandsetjing, slik at vi alle kan forstå meir av denne stolte tradisjonen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding frå Riksantikvaren.

Riksantikvaren fordeler til saman 63 millionar kroner til fartøyvern i 2019.

Viktig for kulturarbeidet

Tilskot til fartøyvern betyr mykje for kulturarbeidet i fylket, og det er stort politisk engasjement for arbeidet med istandsetjing av båtane. Dei seinare åra har Sogn og Fjordane fylkeskommune løyvt årlege tilskot til fartøyvern på 300 000 kr. Det løyser i sin tur ut statlege midlar.

– Vi er glade for at Riksantikvaren har prioritert å gje løyvingar til både DS Stavenses, MS Stangfjord og MS Solundir, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven