3jkxx 7pl 2b
 3jkxx 7pl 2b

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Beredskapsøving på Fosshaugane campus

Torsdag 14. mars kl 16–19.30 vil det vere politi, brannmannskap og ambulanse i utrykking, på og i nærleiken av Fosshaugane campus i Sogndal.

Politi og hjelpemannskap skal øve scenario innan pågåande, livstrugande vald (PLIVO). Det handlar om samarbeidet mellom naudetatane ved tilsikta hendingar som mellom anna terrorisme og sjølvdestruktive handlingar med bruk av vald mot andre.

Vi gjer publikum merksame på at det kan bli sterke inntrykk, og foreldre/ føresette bør informere born og unge om at dette berre er ei øving. Det er ikkje ynskjeleg med tilskodarar under øvinga.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland, politiet, Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogndal Fotball samarbeider om beredskapsøvinga. Øvinga er todelt, på dagtid vert det ei diskusjonsøving for dei involverte partane, samt øvinga for naudetatane på ettermiddagen. 

Sogndal idrettshall og symjehallen vil verte stengt for publikum frå kl. 11 og ut dagen. Parkeringa rundt Sogndal vidaregåande skule vil verte stengt frå kl.15.

Ved eventuelle spørsmål i forkant eller undervegs i øvinga, kontakt Politiet v/ Arne Johannessen (tlf: 92896461) eller fylkeskommunen v/ Kristin Rundsveen (tlf: 90890713).

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven