Høyanger vidaregåande skule
Bilde av elevar og mat frå kantina ism comenusbesøk i 2013

Bilde av elevar og mat frå kantina ism comenusbesøk i 2013

Erasmus+

I veke 39 er Høyanger vgs. vertskap for Erasmus+. Da kjem det elevar og lærarar frå Danmark, Tyskland, Baskerland, Polen, Italia, Sverige, Nederland og Austerrike. Tema er «Small Towns in Europe; sharing innovative practices».
 

Totalt 25 elevar og 10 lærarar skal vere i Høyanger frå 26. september til 1.oktober.  Det er lagt opp til mange ulike aktivitetar knytt til tema.  Elevane skal m.a. delta på byvandring, besøke ordføraren og ha eigen inovasjonscamp.  Lærarane skal i tillegg på omvisning hos St Jean Wheels og besøke ei smie på Torvund.  Vi ønskjer aller hjarteleg velkomen til skulen og Høyanger og håpar dei får ei fin og innhaldsrik veke i Noreg.

Tips ein ven Skriv ut