Bilde av jordkloden

Foto: Pixabay.com

2STA vant klimakampen på Høyanger vgs.

Ni klassar og to lærarlag deltok i NM i klima som vart arrangert i perioden 21. januar til 4. februar 2020.

NM i klima er ein konkurranse kor elevar og tilsette over heile landet konkurrerar i å redusere eigne CO2-utslipp i kvardagen. Heile 53 skular deltok. I vår kategori, "små skuler"  Vinnar av SFJ-konkurransen vart Sogn Jord- og hagebrukskule.  Dei sparte125,7 kg CO2. Høyanger vgs sparte totalt 41,1 kg CO2.

På skulen konkurrerte vi mot kvarandre og det var klasse 2STA (vg2 STSP) som til slutt vant.  I den interne premiepotten låg det ein gåvesjekk på kr 1000,-.  Denne vart høgtidleg overrekt i kantina av medelevar som satt i klimakomiteen. Desse var Hedda Stølen Olsen, Laura Berkova, Kristine Ølmheim og Marius Varden Fossen.   Brage Bjørkhaug Bergset tok i mot premien på vegne av klassen.

Sogn Jord- og hagebrukskule vant kr 15.000,-.  Firda vgs som vart nummer to fekk kr 7.000,-. I tillegg trakk dei ut to tilfeldige grupper som fekk kr 4000,- kvar.  Vinnarane av desse vart 1STB ved Eid vgs og 2STA ved vår skule!

Gratulerer så mykje til til 2STA med begge premiane, og takk og til klimakomiteen for god jobb.

Vinnarlag klimakamp 2020