Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse og oppvekst
Catalina Farias er fast bestemt på å fullføre fagbrev innan helsefag. Men deretter kan det bli meir – den yrkesretta opplæringa ved Høyanger vidaregåande skule har gitt henne lyst til å lære meir.

Catalina Farias er fast bestemt på å fullføre fagbrev innan helsefag. Men deretter kan det bli meir – den yrkesretta opplæringa ved Høyanger vidaregåande skule har gitt henne lyst til å lære meir.

– Overraskande bra!

Catalina Farias (16) var usikker på om ho kom til å trivast på den nye helsefagutdanninga ved Høyanger vidaregåande skule. No likar ho det så godt at ho ikkje skjønnar kvifor ikkje fleire vel denne retninga. 

– Det er jo ein blanda klasse, med både ungdom og vaksne elevar. Eg var litt spent på korleis det ville bli. Men det er jo heilt topp! Eg har fått god kontakt med alle i klassen, og kan gjerne stille som barnevakt for nokre av dei vaksne klassekameratane mine, fortel Catalina. 

Den sprudlande 16-åringen pratar i veg, og er truleg sjølv ein grunn til at klassemiljøet i 1HOA ved Høyanger vidaregåande skule er blitt så bra. Ho trekker også fram at tonen med lærarane er god, og noko heilt anna enn på ungdomsskulen.

 – Vi er ein livleg, men samtidig seriøs gjeng. Lærarane behandlar oss som vaksne. Og det fungerer, for dei treng ikkje å bruke kjeft eller å kommandere, seier ho.


Noko heilt anna enn grunnskulen
Ein annan overgang frå grunnskulen til yrkesopplæringa i helsefag er alt utstyret dei har tilgjengeleg. Dokker, senger, rullestolar, bandasjar og sprøyter og nåler. 

– Her er det lagt opp til at vi skal lære både det praktiske og teori. Det likar eg godt, og det fungerer bra for meg, forklarar Catalina

– Men den beste overraskingane er faga, faktisk. Det er både interessant og lærerikt, det hadde eg ikkje trudd, innrømmer Catalina.  


Fantastiske lærarar
Eit anna høgdepunkt som Catalina trekker fram, er lærarane, spesielt dei to som underviser i helsefaga: Audun Rørvik og Marita Neverdal: 

– Lærarane er heilt fantastiske, spesielt Audun og Marita. Audun let oss til og med øve oss på å stikke på han! 

At Høyanger vidaregåande skule ikkje er blant dei store, reindyrka yrkesskulane, synest Catalina er ein fordel:

– Miljøet her er heilt topp. Her går alle i lag, både studiespesialiserande, elektro og maskin, og vi er tett på dei andre klassane på skulen.
 
For miljøet ved Høyanger vidaregåande skule er det også ein stor fordel at helse og oppvekst igjen er ein del av fagtilbodet. No kan skulen tilby eit endå breiare tilbod til ungdomen i bygda.
 
Men også for dei som bur litt lenger unna, kan det være verdt å få med seg det Catalina har erfart: «Helsefag er overraskande bra!»