Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag
Isak Nesheim

Isak Nesheim

– Isak (17) på hybel i Høyanger? Eg var bekymra…

«Ei bakevje», det var det første som slo mamma Marit Irene Aas Nesheim frå Aurland då tilbodet om skuleplass i Høyanger dukka opp. Men bekymringa har vist seg å være heilt utan grunn.

– Det verkar som ein ufatteleg bra skule. Isak gjekk jo på ein større skule før, men i Høyanger ser dei elevane og han på ein heilt anna måte. Ein mindre skule er nok meir oversiktleg, seier Nesheim.

Sonen Isak Nesheim byrja på Vg2 Elenergi i Høyanger etter å ha gått grunnkurs i Sogndal. Overgangen var høgst merkbar:

– Skulen var mykje mindre enn eg hadde trudd, innrømmer Isak.

Men det gjekk ikkje mange dagane før han la merke til at ein kompakt skule, med både yrkesfag og studiespesialiserande samla har mange fordelar.

– Heile skulen verkar så samla, og vi elevane kjem tettare på kvarandre. Du blir sjølvsagt ikkje kjent med alle, men du blir kjent med dei du vil, konstaterer Isak.

I russegruppa etter to dagar

Å komme til eit etablert klassemiljø i 2. klasse er noko heilt anna enn når alle startar på noko nytt samtidig, slik det er i Vg1. Isak fortel derimot at dei to nykommarane til Vg2 blei tekne svært godt imot i Høyanger.

– Det gjekk to dagar, så fekk eg spørsmål om å vere med i russegruppa, fortel han.   

Marit Irene Aas Nesheim er ei tydeleg engasjert mor. Ho og mannen har stilt på begge foreldremøta, trass reiseavstanden frå Aurland, og ho fortel om ein god dialog med lærarane:

– Lærarane i Høyanger er flinke til å ta vare på elevane, det set me stor pris på når me har ein son som bur på hybel, seier ho.

Fri annakvar fredag

Høyanger vidaregåande skule har valt ei litt spesiell timeplanløysing. Elevane går litt lenger dagar enn det som er vanleg elles i fylket, og fordeler dermed timetalet for to veker på berre ni dagar. Dette er ein stor fordel for dei som bur på hybel:

– Med fri annakvar fredag kan Isak reise heim allereie torsdagsettermiddagen i dei vekene, fortel Marit.

Denne fredagen brukar lærarane og leiinga ved skulen til planlegging, noko som for Isak sin del har vore merkbart i undervisninga:

– Her har lærarane ein plan med det dei gjer, du blir ikkje kasta ut i ting. Du veit kva for arbeidsoppgåver som ventar deg, og du får hjelp undervegs om du treng det, fortel han.  

Mykje som skjer på skulen i Høyanger

Høyanger vidaregåande skule har sterkt fokus på internasjonalisering, noko som også involverer Vg2-klassen på elenergi:

– Det er mykje som skjer i Høyanger. Klassen til Isak skal til dømes til Danmark no i løpet av skuleåret, fortel Marit.

Det Isak set aller høgast ved Høyanger vidaregåande skule er likevel det han opplever i klasseromma og ute i verkstaden:

– Det eg set mest pris på ved skulen? Kunnskapen som lærarane har i programfaga, slår han fast.

– Hadde me vist kor mykje som skjer og kor bra elektrolinja ved Høyanger vgs er, ville Isak søkt seg hit allereie i førsteklasse, avsluttar Marit Irene Aas Nesheim.

hvgs-kampanje-2020-Isak-innlinje1-400.jpg

hvgs-kampanje-2020-Isak-innlinje2-400.jpg