Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag
Benjamin Wolff

– Heilt topp å bu på hybel i Høyanger

Tysdagsmiddagar er eitt av dei sterkaste inntrykka Benjamin Wolff sit igjen med etter å ha gått elektrolinja ved Høyanger vidaregåande skule. Og dette kjem frå ein som «nesten» blei noregsmeister i elektrofag!

– Det var nesten litt trist å begynne som lærling. Eg skulle helst ha gått her lenger, utbryt Benjamin Wolff når han tenker tilbake på skuletida i Høyanger. Benjamin

Bakgrunnen er slett ikkje at han kjedar seg eller mistrivest på læreplassen, HAFS elektro. Her arbeider han med installasjon, til dømes å montere nye stikkontaktar og lyspunkt. For tida er det derimot ikkje så mykje nye bygg han arbeider på, men heller servicejobbar på eksisterande anlegg:

– Då må eg setje meg inn i korleis andre har tenkt, då installasjonen blei gjort. Det er både utfordrande og lærerikt, det likar eg! 

Nei, grunnen til at han gjerne skulle ha blitt lenger i Høyanger, er heller at han blei positivt overraska over industribygda: 

– Eg tenkte i grunnen ikkje på det før eg flytta hit, men her er det jo berre 10-15 minutt opp til eit heilt topp skiterreng om vinteren. Og det er mange idretts- og treningstilbod. Eg spelte jo litt fotball, men vi blei også ein fast gjeng som trena på vektrommet i hallen. 

Høyanger har også praktiske fordelar for vidaregåande-elevar utan sertifikat: 

 – Her ligg jo alt så tett. Eg kunne gå mellom hybelen, skulen, idrettshallen og sentrum på kort tid, fortel Benjamin. 

Når ein bur i Leirvik, er det på ingen måte opplagt at ein hamnar i Høyanger for å ta vidaregåande utdanning: 

– Eg vurderte å gå elektro både i Sogndal og Førde, men etter å ha vore på utplassering i Høyanger i 9. klasse, blei det førstevalet. 

Kanskje var det litt til hjelp at både broren og faren også har gått i Høyanger. Begge to gjekk på elektro-linja, og det gir til saman tre blad Wolff som alle har hatt Anders Ljungberg som faglærar: 

– Eg hugsar dei godt, alle tre. Benjamin blei jo plukka ut til å representere skulen i fylkesmeisterskapen i elektrofag, saman med Lina Deisz Haugsbø. Dei vann fylkesmeisterskapen, og gjekk vidare til NM, fortel Anders.

Innsatsen i NM var meir enn heiderleg, sjølv om laget frå Høyanger ikkje fekk plassering blant dei premierte. 

Men sjølv om Benjamin fortel om godt fagleg utbytte av skuletida, og i tillegg fekk være med på slike spanande utfordringar, trekker han fram det sosiale i Høyanger som sjølve prikken over i-en:
 
 – Det var heilt topp å bu på hybel her. Høyanger er mykje betre enn mange er klar over! 

Når vi ber Benjamin konkretisere kva han hugsar som høgdepunkta frå tida i Høyanger, er det to ting som får toppscore: 

– Karrieremessa med open dag var det kjekkaste reint fagleg. Då fekk vi vist fram kva vi dreiv med på elektrolinja. 

Av dei sosiale aktivitetane trekker han spesielt fram tysdagsmiddagane til miljøkoordinator Vigdis Olsen: 

– Vi hybelbuarar kunne kjøpe middag for ein femtilapp kvar tysdag. Veldig god mat, og det samla oss hybelbuarar på ein heilt spesiell måte, minnest Benjamin. 

Sjå Høyanger vgs si digitale brosjyre