UKM Høyanger

UKM HØYANGER 2019

No nærmar det seg februar og UKM (Ung Kultur Møtes)!

13. februar blir det igjen mykje liv på samfunnshuset og fullt opp med ungdommar som skal vise seg fram på ulike vis. 

Vi håpar på god påmelding også i år.  UKM er ein av dei viktigaste visningsarenaene i Noreg for ungdom, og gir motivasjon og meistring for små og store. I UKM kan man delta med sceneinnslag (inkl. video) og på utstillinga, eller «behind the scenes» som arrangør-deltakar. UKM gir ungdommane ein møteplass kvar dei kan utvikle seg og møte andre, og nokre får og høve til å reise på fylkesfestival og kanskje landsfestivalen! 

Påmeldinga skjer på ukm.no Om nokon har spørsmål så kan eg kontaktes på e-post:  maria.brendehaug.petersen@hoyanger.kommune.no. 

Finn oss gjerne på Facebook, UKM Høyanger! 

PS: Om det er ungdom som treng transport så må dei ta kontakt med underteikna eller Beate på kultur, så skal vi sjå om vi finn ei løysing.

Vennleg helsing
Maria Brendehaug Petersen
Kulturmedarbeidar
Høyanger kommune
Tlf. 4745 7006

Tips ein ven Skriv ut