Kurs i brannvern

Tryggleiksveka

Førstehjelpskurs og brannvernopplæring for alle vg1 elevane samt vg2 elevane på yrkesfag er noko skulen arrangerar i samband med Høyanger kommune si tryggleiksveke.

Brannvakten AS har denne veka hatt brannvernopplæring for Høyanger vidaregåande skule over to dagar. På kurset har dei vore innom intern brann- og alarminstruks, og snakka med dei som bur på hybel om branntryggleik der dei bur.  Andre tema har vore trafikktryggleik og kva ein skal gjere dersom ein kjem først til eit skadestad. Deretter fekk elevane lære og prøve førstehjelp. Siste del av kurset var elevane på Vetleseten og fekk teste ut praktisk slokking av brann.

Totalt har vel 80 elevar vore på kurs.

Her er nokre bilete frå kurset med dei på yrkesfag:

Kurs i brannvern

Kurs i brannvern

Kurs i brannvern

Kurs i brannvern

Kurs i brannvern

 

Tips ein ven Skriv ut