trekant

Tryggleiksveka 2018

I samband med tryggleiksveka til Høyanger kommuen, arrangerer Høyanger vgs. kurs i førstehjelp og brannteori

Alle vg1 elevar og elevar på vg2 yrkesfag må gjennomgå kurs i førstehjelp og brannteori. Dette skjer 17. og 19. september.  Det er Dag Andre Nesse frå Brannvakten AS som er fagleg ansvarleg for kurset.  Elevane skal gjennomgå eit førstehjelpskurs, deretter er brannteori med slokking, før ein avsluttar med alarm og evakuering.
 

Helsedag for ungdom

Torsdag 20. september kl. 12.30 arrangerar folkehelsekoodinator i Høyanger kommune ein helsedag for ungdom i samfunnshuset. Dette er eit tilbod til ungdomskuleelevar og elevar ved Høyanger vgs. Der vert det lagt opp til både aktivitetar og foredrag om meistring, motivasjon og psykisk helse.

 

 

Tips ein ven Skriv ut