Høyanger vidaregåande skule
Fotball i nett

Tilbod om nytt programfag

Studiespesialiserande med tilbod om idrettsfag på Vg1

Høyanger vgs og IL Høyang inngår samarbeid om tilbod programfag frå idrettsfag på Vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram.

Høyanger vgs og IL Høyang ønsker å samarbeide om å tilby idrettsfag for elevar som søker på Vg1 studiespesialisering ved Høyanger vgs skuleåret 2019-2020.
I første omgang startar vi allereie no med å legge til rette for trening 1. og 2 time tysdag + annankvar fredag for elevane på Vg1 studiespesialisering. Det er IL Høyang som står for treningstilbodet. Oppstart blir tysdag 15. jaunar 2019.

Frå hausten 2019 ønsker vi å tilby programfaget Breiddeidrett 1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram Vg1. Samarbeidet med IL Høyang gjer at opplæringa vil vere delt mellom timar på skulen og trening på fritida. Eleven skal loggføre treninga i eiga treningsdagbok, godkjent av trenar.  
 

Dette skreiv Ytre Sogn Avis om samarbeidet

 

Tips ein ven Skriv ut