Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon

Moderne samfunnsliv er utenkjeleg utan mekaniske fag. Startar du eit utdanningsløp på TIP kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke.

Elevane som byrjar på TIP ved Høyanger vidaregåande skule utdannar seg til dømes til jobbar innanfor køyretøyfaga, industrifaga, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag.

Om ein vil kan ein etter fagutdanning utdanne seg vidare til fagteknikar, ingeniør og vidare heilt til topps i utdanningssystemet med mastergrad.

Du som vel teknikk og industriell produksjon, bør ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du bør kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre. Interesse for ny teknologi er og viktig. Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrka, der det å arbeide etter prosedyrar og teikningar og med registrering og dokumentasjon er svært viktig.

Fagutdanning – 2 år på skule og 2 år som lærling

Når du er ferdig med dei 2 åra på skule og søkjer opplæringskontrakt vert denne gjerne administrert av eit opplæringskontor. Skulen og opplæringskontora har samarbeid, særleg i overgangen mellom skule og lærekontrakt.

Teknikk og industriell produksjon er eit yrkesfag, og Høyanger vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

Yrkesfagleg opplæring gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan og ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om TIP og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: Teknikk og industriell produksjon.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jardar Trollebø
Avdelingsleiar yrkesfag
jardar.egil.trollebo@sfj.no
57 63 77 88 / 415 30 763