Høyanger vidaregåande skule
Logo reodorgarasjen

Reodorgarasjen jublar!!

Ståle Walsvik fekk hjartebank da Reodorgarasjen i går fekk tildelt 75.000 kroner av Sparebanken Vest

Det var ein meget stolt avdelingsleiar som viste fram gåvesjekken inne på sjølve Reodorgarasjen på Høyanger vgs i dag.  Veldig kjekt å få tilskot til det nyoppretta aktivitetstilbodet for born og unge i Høyanger. No kan vi kjøpe 3D printarar!  Det er eit spanande verktøy som "reodorane" kan realisere oppfinningane sine med, forklarar Walsvik.

Reodorgarasjen vart opna i april i år og arrangerar klubbkveld kvar onsdag. I tillegg vert lokalet nytta til undervisning både for vidaregåande elevar og elevar frå Høyanger skule. Da vi var innom garasjen i dag var det full rulle med valfaget; design og re-design for ungdomstrinnet.   

Vinnarprosjekta var avslørt under ein stor konsert i Førdehuset onsdag kveld. Her vart ildsjeler hylla og 1 millionar kroner vart fordelt.

Her er nokre bilete frå garasjen i dag:

Gåvesjekk Dan, Ståle og Olav

Blankett Flott blankett

10. klasse Kjekke elevar!

Takk til Sparbanken Vest og Hjartebankaksjonen for pengegåva!

Reodorgarasjen har ei eiga Facebookside kor dei legg ut informasjon og bilete frå klubbkveldane

Tips ein ven Skriv ut