Born og unge i reodorgarsjen

Ny gåve til Reodorgarasjen

Reodorgarasjen vart overraska med ny pengegåve

Det var under ei næringslivssamling i SIVA bygget på onsdag at Siv Elisabeth Bjørkehaug frå Sparebanken Sogn og Fjordane overraska oss med ein sjekk på kr 150.000,- frå Sparebankstiftinga. 

Stiftinga forvaltar store verdiar og er ein viktig aktør i samfunnsutviklinga i fylket. Det er delar av utbytte som vert gitt som støtte til lags- og kulturlivet i fylket.  Avdelingsleiar Ståle Walsvik som sende inn ein søknad om midlar, ved oppstart av Reodorgarasjen, kan opplyse om at pengegåva skal nyttast til ein laserkuttar.  Eit slikt verktøy vil bety mykje for klubbkveldane i Reodorgarasjen.  

Les kva ein laserkuttar er

Les meir om gåva i Ytre Sogn Avis

 

Tips ein ven Skriv ut