Bilde av g-nøkkel og andre toner

Musikkbingen

Høyanger vgs. har gjort avtale med kulturavdelinga i Høyanger kommune om å få bruke musikkbingen i skuletida.  Tilbodet gjeld vgs. elvar.

Bingen kan du bruke i fritimar og etter skuletid fram til kl. 18:00.  Tilbodet er gratis.

Nå kan du sjølv booke øving i musikkbingen, men for å få tilgang til systemet må du ta kontakt med kontoret eller avdelingsleiar Ståle Walsvik.  Når du er blitt registrert, kan du sjølv gå inn via linken under og booke øvingstid.  Du brukar e-postadressa di som brukarnamn.  Første gongen du er inne på sida, må du trykke på "gløymt passord".  Da vil du få ein e-post med ein link kor du legg inn ditt eige passord. Neste gong du går inn på sida brukar du passordet du har oppretta.

Først etter at du har registrert deg med øvingstid kan du hente nøkkel til bingen.  Nøkkelen får du på kontoret på skulen. Hugs å levere den tilbake etter at øvinga er slutt.  Dersom du øver på ettermiddagstid (fram til kl. 18:00), skal nøkkelen innleverast på kontoret dagen etter kl. 08:30.  Det er berre den som har booka øvingstid som kan avlyse eller endre på tider.

Før du booker er det viktig at du leser og setter deg inn i reglementet som gjeld for buk av musikkbingen

Faste øvinger etter kl. 18:00 må avklaras med Høyanger kommune ved Beate Kjølstad som er kulturskulerektor. Tlf. 99219371
 

Her bookar du øvingstid i musikkbingen eller bruk link på framsida på skulen si heimeside

Musikkbingen finn du rett ved sida av gangbrua mellom idrettslanlegget og Høyanger skule. 

Musikkbinge

 

Tips ein ven Skriv ut