Aina Drage med klasse 3STA

Mobbeombodet på besøk

Måndag 14. januar hadde psykologielevane i 3STA besøk av mobbeombodet i Sogn og Fjordane, Aina Drage.

Dei siste vekene har klassen jobba med emne «grupper» og dei var no komen til den delen som handlar om mobbing. Da var det veldig kjekt at Aina hadde moglegeheit til å komme på besøk til 3STA, som hadde sett av to skuletimar til føredraget. Gjennom teori, eksempel, diskusjon og praktiske øvelsar tok ho klassen gjennom dei mest sentrale elementa i dette emnet. 

Alltid kjekt med impulsar utanifrå, og viktig å gjere faget «levande» når ein får moglegheit til det.  

Takk for besøket og velkomen att.
 

Her er nokre bilete frå føredraget;

Presentasjon mobbeombod

Aina Draga og klasse 3STA

Presentasjon mobbeombod

Tips ein ven Skriv ut