Høyanger vidaregåande skule
Klasse 2ELA foran minihuset

Kranselag

Onsdag vart det arrangert kranselag for nyoppført minihus på elektroverkstaden

Minihuset er bygd av elevane på 2ELA og skal brukast til elektriske installasjonar. Elevane starta bygginga ved skulestart og knapt tre veke seinare stod huset ferdig. Det måtte markerast, og det vart arrangert kranselag med ekte krans og kake.
I tillegg til minihuset har elevane byta ut alle gamle lysrørarmatur på verkstadane og erstatta dei med ledlys.  Godt jobba!

Kranslag 18

Kransen

 

Tips ein ven Skriv ut