UKM logo

Klart for UKM-festivalen i Høyanger

I helga er det endeleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane

I løpet av festivalhelga 13.–15. april skal ungdommane delta på sceneframsyningar og utstillingar  som er opne for publikum. Framsyningane vert leiar av unge konferansierar, og i kulissane er det mange unge arrangørar. UKM Media med ungdommar frå kommunane og Medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule skal ta bilete, filme og lage reportasjar frå festivalen.

NRK Sogn og Fjordane sender framsyningane direkte på nettsidene sine.

URG tek sosialt ansvar
I tillegg til dei «vanlege» UKM-framsyningane og kunstutstillinga, blir det konsert i eit stort telt ved Høyanger vgs. på dagtid laurdag og i Valhall laurdag kveld. Det er også sjanse for å møte UKM-ungdommar andre stader i industristaden. Det skal nemleg vere workshop i pop-up konsertar i sentrum.

Leiar for Ungdommens ressursgruppe (URG) Sogn og Fjordane, Jenny Hatlelid Holsæter, gler seg til festivalen.

– Vi har jobba lenge med å førebu det som skal skje i Høyanger. Vi har ansvar for det sosiale og skal arrangere både jam og ulike konkurransar for deltakarane, fortel ho.

Mange workshops
Å få prøve nye ting er ei viktig side ved UKM-festivalen. Difor skal deltakarane vere med på workshops både laurdag og søndag.  

– Det blir veldig mange kjekke workshops. Eg gler meg spesielt til workshopen Høgtsvevande visuell kunst med Vilde J. Hjetland, seier Holsæter.

I tillegg blir det workshop i mellom anna dans, låtskriving og foto og redigering.

Vidare til nasjonal festival
Eit fagpanel skal plukke ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonal UKM-festivalen i Trondheim i juni. Innslaga og utstillingsarbeida som går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket. Også unge konferansierar, unge arrangørar og deltakarar i UKM Media kan gå vidare.

Meir informasjon om fagpanelet her

Festivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune som eig arrangementet og OnCue Music Productions AS som er hovudarrangør.

Offisielt program for UKM-festivalen
Fredag

Kl. 20.00  Framsyning 1, Høyangerhallen

 

Laurdag

Kl. 13.00 Konsert i teltet, Høyanger vgs.

Kl. 14.00 Opning kunstutstiling, Høyanger vgs.

Kl. 15.00 Framsyning 2, Høyangerhallen

Kl. 18.00 Framsyning 3, Høyangerhallen

Kl. 21.00 Konsert i Valhall

 

Søndag

Kl. 14.00 Framsyning 4, Høyangerhallen

 

Opningstider for kunstutstillinga

Laurdag 14. april kl. 14.00–18.00

Søndag 15. april kl. 10.00–14.00

Detaljert program på nettsidene til UKM-festivalen

Oversikt over deltakarar finn du òg på nettsidene til UKM-festivalen
 

For meir informasjon

Eva Kristin Svidal
Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Stig Aron Kamonen
OnCue Music Productions AS
901 87 738
ukm@oncue.no

Jenny Hatlelid Holsæter
leiar, ungdommens ressursgruppe
476 41 187
sognogfjordane@urg.ukm.no

 

Tips ein ven Skriv ut