Høyanger vidaregåande skule
DIHBS-fs

Godt samarbeid

Elevane på vg2 frisør i Høyanger har ansvar for hår og make-up når Sunnfjord Folkehøgskule set opp teaterstykket "Dyra i Hakkebakkeskogen" i Førdehuset i november

Elevane på frisørlinja har fått i oppdrag å sminke og frisere skodespelarane både på generalprøven og på premieren i Førdehuset 15. og 16. november. Det er andre gongen skulen har fått førespurnad om å bidra med sin kompetanse.  I fjor var dei med på musicalen "Hairspray".  Fagleg er oppdraget knytt til faget Yrkefagleg fordjupning

Fredag 2. november var 14 elevar frå folkehøgskulen i Høyanger for prøvesminking og frisering.  

Her er noko bilete fra salongen og av skodespelarane

Elevar vert sminka på salongen

Elevar vert sminka på salongen

Sminka elev

Ytre Sogn Avis var innom frisørlinja på fredag ism besøket. Her les du reportasjen

Ein kan følgje elevane og arbeidet deira på instragam #frisor_linja_hvgs

Tips ein ven Skriv ut