Høyanger vidaregåande skule
Kurs

Foreldremøte vg2 yrkesfag

Invitasjon til møte for føresette til elevar som går vg2 yrkesfag.
Onsdag 13. februar kl. 18:00 på Høyanger vidaregåande skule

Tidsramme:  1,5 – 2 timar
Stad: Auditoriet på Høyanger vgs.

Desse deltek: Representantar frå NAV, kontaktlærarane, rådgjevar, avdelingsleiar YF (ansvarleg). 

Tema for møtet: Informasjon om kva NAV og skulen bidreg med i elevane sin prosess med å søkje læreplass og kor viktig det er at føresette deltek i prosessen.

NAV orienterer om:

Arbeidsmarknaden  i dag.           
Tal læreplassar i vår bu og arbeidsområde                                                                     

  • Kor finn vi ledige læreplassar ?
  • Bør vi søkje utafor eiga kommune ?
  • Kva skal vere med i ein god søknad og CV
     

Skulen orienterer om:

Karriererettleiing.
Kva er VIGO og kvifor det er viktig å søkje i VIGO.

  • Kva gjer skulen for å hjelpe elevane i søknadsprosessen.
  • Korleis følgjer vi opp elevane utover våren.
  • Kva tilbyr fylke elevar som ikkje får læreplass.
  • Korleis blir elevane utan læreplass følgde opp til hausten.

            
Tema til diskusjon:

  • Kva forventningar har vi til føresette i denne prosessen.
  • Kva forventningar har føresette til skulen.

Ymse
 

Klassevise møte med kontaktlærarane:

  • Oppfølging i søknadsprosessen
  • Korleis vert faget "yrkesfagleg fordjuping" brukt i saman heng med søknadsprosessen.
     

Gi melding til kontaktlærar om du kjem eller ikkje
2FRA:  Kristin V. Sande
2ELA;  Anders Ljungberg
2ITA:   Kai-Ove Nesse

 

Tips ein ven Skriv ut