Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag

Elektrofag

Er du praktisk anlagt og er nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Likar du å yte god service? Elektrofaget gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval.

Du som vel elektrofag må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkjemåte og kreativitet er og viktig, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt. Ofte er det eit krav at du har godt fargesyn. Utdanningsprogrammet fører fram til eit mangfald av yrke innanfor installasjon og vedlikehald av elektroniske system. Det blir stilt strenge krav til kvalitet, sikkerheit og dokumentasjon.

Elektrofag er eit yrkesfag, og Høyanger vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om elektrofaget og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: Elektrofag

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jardar Trollebø
Avdelingsleiar yrkesfag
jardar.egil.trollebo@sfj.no
57 63 77 88 / 415 30 763

Relaterte lenker