UWC logo[1]

Dronninga kjem til Fjaler

21. til 22. september er det duka for kongeleg besøk hos UWC i Fjaler. I to dagar skal Dronning Sonja møte leiarar og elevar ved skulen, samt vere med på ei rekke aktivitetar. 

Dronning Sonja er UWC Røde Kors Norge sin høge beskyttar, og har følgt skulen tett sidan oppstarten i 1995. Frå Høyanger vgs skal elevane Sandra Ølmheim (2STA) og Abraham Measho Berhane (GMUA) og rektor delta. Programmet for dagen består av mange spennande workshops, internasjonalt festbord og kulturinnslag. 

Og kanskje får vi helse på dronninga?

Vi legg ut tekst og bilete frå det kongelege besøket i neste veke.

Les meir om UWC Norge

Tips ein ven Skriv ut