Bøker

Det er haust og tid for å lese bøker

Skulebiblioteket utfordrar elevar og tilsette til å lese bøker

Utfordringa er å lese bøker som passa til beskrivinga under.  Merethe har laga eit skjema som ligg tilgjengelig på biblioteket, på personalrommet og på kontoret.  Her skriv du opp bøkene etterkvart som du les dei; Forfattar, tittel og nokre få ord om kva du synes om boka.  Du kan og setje terningkast frå 1 til 6.

Vi trekkjer ut ein heldig vinnar til påske. Vedkommande vinn eit gåvekort.  Det same gjer vi ved skuleslutt i juni.  For å vere med i trekninga må du ha lese minst fem bøker innan 5. april og åtte bøker inna 10. juni.  Dei som har lese meir enn 10 bøker er med i ei eiga trekning.

Leseutfordringa er for både for elevar og tilsette.  Vert det mange som deltek kan der vere at vi delar opp premien. Dvs. ein for elevar og ein for tilsette:

Her er beskrivinga av det som du blir utfordra å lese:

  • Ei bok som er blå
  • Ei bok som er raud
  • Ei bok som er gul
  • Ei bok som er kvit
  • Ei bok på under 120 sider
  • Ei bok med norsk forfattar
  • Ein bok som er utgitt i 2016
  • Ein bok som er utgitt i 2017
  • Ei science-fiction bok
  • Ein bok utgitt det året ein av foreldra dine vart fødd
  • Ein bok der forfattar er under 30 år
  • Ei bok med to ord i tittelen
  • Ein bok du har byrja på, men ikkje lest ferdig
  • Ein bok av ein nobelprisforfattar
  • Ei novellesamling
  • Ei bok med forfattar frå Sogn og Fjordane
  • Ei omsett bok
  • Ei bok på eit anna språk
  • Ei debutbok
  • Ei bok på over 300 sider

Utfylt skjem legg du i bokkassen på biblioteket eller du leverer det til Merethe.  Husk fristane!

Lukke til!

Tips ein ven Skriv ut