Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Frisør (Vg2 i Design og handverk)
Frisering på frisørlinja

Frisering på frisørlinja

Frisør (vg2 design og handverk)

Har du ein draum om å bli frisør?

Høyanger vidaregåande skule vil ønskje deg hjarteleg velkomen til vg2 frisør.

I løpet av skuleåret hos oss vil du lære dei grunnleggande teknikkane innan klipp, farge, frisyreforming og make-up.
Du får kunnskap om god kundekommunikasjon og HMT (helse, miljø, tryggleik), som og er ein viktig del av både opplæringa og det å vere frisør.

Vi jobbar ut i frå eit grønt miljø. Dvs. at vi brukar produkt som «Organic Colour System» til kjemiske behandlingar som for eksempel farging/striping av hår.  Dette er eit produkt som inneheld mykje mindre ammoniakk enn andre produkt på marknaden.

I tillegg til ordinær undervisning, held vi og kurs på salongen. Da det kjem det konsulentar/ekspertar utanfrå og held kurs berre for oss.  Det kan for eksempel vere fargekurs eller kurs innan make-up og styling.

Ein viktig del av utdanninga er kundehandsaming i salongen.  Vi syntes det er viktig at elevane våre får prøve kundehandsaming ii et trygt og godt miljø, med lærar til stades.

Alle elevane får tilbod om utplassering/hospitering i bedrift/salong, som igjen er ein god og lærerik førebuing i samband med læretida vidare.
Etter eit år på frisørlinja vil du vere klar til å søkje vidare som lærling i bedrift og vegen til eit sveinebrev innan frisørfaget.

Er du kreativ, likar hår, sminke og styling, ja da er Høyanger vidaregåande skule staden du vel når du skal byrje på vg2.
To forventningsfulle og kunnskapsrike frisørlærar står klar til å ønskje deg hjarteleg velkomen til deg ei topp moderne frisørlinje.

frisør-forside.jpg

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jardar Trollebø
Avdelingsleiar yrkesfag
jardar.egil.trollebo@sfj.no
57 63 77 88 / 415 30 763

Relaterte lenker