Vg2 Ambulansefag

Ambulansetenesta er ein del av spesialisthelsetenesta, og opplæringa skal bidra til at tenesta fyller funksjonen som bindeledd mellom primærhelseteneste og sjukehus. Programfaga skal bidra til at lokalsamfunnet har beredskap ved akutt sjukdom, ulukkessituasjonar og katastrofar.

Opplæringa i programfaga skal bidra til å ivareta tryggleik og pasientene sine vitale funksjonar på skade- og sjukdomsstaden og under transport. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikle evna til å arbeide sjølvstendig, under tidspress og ofte under vanskelege tilhøve. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikle evna til samhandling og til å kommunisere og gi omsorg til alle brukarar, tilpassa kulturell bakgrunn og sosial status. Opplæringa skal bidra til etisk bevisstgjøring, fagleg refleksjon og innsikt i kva profesjonell yrkesutøving inneber.

Opplæringa i programfaga skal vere knytt til utviklinga innanfor det medisinske og operative fagfeltet. Opplæringa skal vere praksisnær, tverrfagleg og gi heilskapleg kompetanse. Vidare skal opplæringa leggje grunnlaget for at den einskilde skal kunne møte daglege utfordringar som ambulansearbeidar.

Læreplan i faget:

http://www.utdanningsdirektoratet.no/grep/Lareplan/?laereplanid=224535



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Høyanger VGS