Høyanger vidaregåande er ein veldriven skule med moderne og trivelege lokale.
Vi har ca 50 tilsette og 200 elevplassar. Skulen ligg i eit område som grensar opp mot barnehage, grunnskule, idrettsanlegg og badeland.
Skulen har desse programområda: DH, EL, HS, TP og STSP
Høyanger vidaregåande skule kan by på ein spennande kvardag med omfattande fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid både lokalt og internasjonalt.
Faglærar – Teknikk og Industriell Produksjon
Ved Høyanger vidaregåande skule er det ledig ei undervisningsstilling som faglærar frå 01.08.12. Det er ønskjeleg at søkjar kan dekke programfag på Vg1 Teknikk og industriell produksjon og Vg2 Industriteknologi. Skulen har nytt CNC maskineringssenter og teiknar i 3D DAK. Det er difor ein fordel om søkjar har erfaring frå DAK/DAP.
Skulen er teamorganisert og mykje av arbeidet i klassen blir planlagt i klasseteam. Kontaktlærar leiar dette teamet.
Søkjar bør ha relevant fagbrev, nødvendig praksis og teknisk utdanning (fagskule/ingeniør). For fast tilsetting må søkjar ha praktisk pedagogisk utdanning. Skulen ønskjer ein søkjar som fyller dei faglege krava og i tillegg har personlege eigenskapar som er viktig i arbeid med ungdom. Det er viktig med gode samarbeidsevner, tiltakslyst og evne til å tenkje nytt og kreativt.
Det vert teke atterhald om at overtalige i fylkeskommunen kan ha førerett ved tilsetjing.
Utfyllande opplysingar får du ved å vende deg til rektor Ottar Hjetland, tlf 917 17 740
For stillinga gjeld:
• Løn etter avtale
• 6 månaders prøvetid
• Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
• Pensjons- og forsikringsordningar
• Flytteutgifter vert dekka etter nærare reglar
• Dei som vert tilsett må kunne legge fram politiattest
Søknadsfristen for begge stillingane er 08.03.12
Vi oppmodar alle til å nytte elektronisk søknadsskjema. Det gjer du ved å klikke her. Alternativt kan du sende søknaden som e-post til postmottak.hoyangervgs@sfj.no eller til:
Høyanger vidaregåande skule
Postboks 249
6991 Høyanger
Merk søknaden: A-sak 12/1341
To lærararstillingar
Ved Høyanger vidaregåande skule er det ledig to heile stillingar som til saman skal dekke faga norsk, fransk, spansk, matematikk og kroppsøving frå 01.08.12.
Skulen er teamorganisert og mykje av arbeidet blir planlagt i klasseteam. Vi jobbar med utvikling og kompetansebygging i fagseksjonar i tillegg til å delta i fylkesdekkande fagnettverk. I utviklingsplanen vår er lesing og skriving som grunnleggande ferdigheiter og vurdering for læring viktige satsingsområde. Skulen vert Ny Giv- skule frå hausten 2012, og har dette året jobba med skulering, formidling og utvikling av metodikk for å møte Ny Giv-elevane.
Skulen har lang erfaring frå arbeid med internasjonale prosjekt, og er p.t i ferd med å avslutte eit multilateralt Comenius-prosjet. Vi er i gang med eit nytt prosjekt som startar opp til hausten. Her vil elevar frå både studiespesialiserande og yrkesfag delta.
Søkjar må ha høgare utdanning innan eitt eller fleire av faga norsk, fransk, spansk, matematikk og kroppsøving. For fast tilsetting må søkjar ha praktisk pedagogisk utdanning. Skulen ønskjer søkjarar som fyller dei faglege krava og i tillegg har personlege eigenskapar som er viktig i arbeid med ungdom. Det er viktig med gode samarbeidsevner, engasjement og evne til å tenkje nytt og kreativt.
Det vert teke atterhald om at overtalige i fylkeskommunen kan ha førerett ved tilsetjing.
Utfyllande opplysingar får du ved å vende deg til rektor Ottar Hjetland, tlf. 917 17 740
Merk søknaden: A-sak 12/1392
For begge stillingane gjeld:
• Løn etter avtale
• 6 månaders prøvetid
• Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
• Pensjons- og forsikringsordningar
• Flytteutgifter vert dekka etter nærare reglar
• Dei som vert tilsett må kunne legge fram politiattest
Søknadsfristen for begge stillingane er 08.03.12
Vi oppmodar alle til å nytte elektronisk søknadsskjema. Det gjer du ved å klikke her. Alternativt kan du sende søknaden som e-post til postmottak.hoyangervgs@sfj.no eller til:
Høyanger vidaregåande skule
Postboks 249
6991 Høyanger