Ny Giv
Overgangsprosjektet

ny_giv

Ein del elevar har vanskar med å motivere seg for læring, dei har høgt fråvær, eller andre utfordringar som gjer at dei ikkje får vist kva dei er gode for.
Kunnskapsdepartementet ynskjer å auke desse elevane sin motivasjon for, og evne til, å gjennomføre vidaregåande opplæring.

Departementet har difor invitert fylkeskommunane til eit samarbeid med alle kommunar i prosjektet Ny GIV, som er ein nasjonal dugnad for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Hovudvekta skal leggjast på styrking av elevane sin grunnleggjande dugleik i lesing, skriving og rekning.

Føremålet med prosjektet er å lette overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule, og å gi elevane betre føresetnader for å lukkast i vidaregåande opplæring, og til å skaffe seg eit arbeid eller vidare utdanning.

Høyanger vidaregåande skule har frå hausten 2011 teke del i satsinga for å få fleire til å gjennomføre vidaregåande opplæring. Elevane i Høyanger kommune vil få tilbod om grunnleggjande lese- og skriveopplæring siste del av 10. klasse. Frå hausten 2012 vil desse elevane også få oppfølging ved Høyanger vidaregåande skule. Ny GIV-elevane vil ikkje ha noko førerett når dei søkjer seg inn i vidaregåande opplæring.

Lærarar frå både ungdomsskulen og vidaregåande opplæring har teke del i omfattande skolering for å kunne gje best mogeleg opplæring tilpassa elevane sine behov. Det vert lagt vekt på at elevane får opplæring på ein litt anna måte enn dei er vane med, slik at dei ikkje berre får meir av det dei har hatt vanskar med å tileigne seg tidlegare.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Høyanger VGS