Høyanger vidaregåande skule
Volly-fs

Årets volleyballturnering

Siste veka på skulen arrangerer kroppsøvingseksjonen volleyballturnering for elevar og tilsette

Etter månader med førebuing med laguttak, kampoppsett og arbeidsfordeling var det kjekt å kome i gang med årets turnering i Høyangerhallen.  I år deltok 21 lag og det vart spelt 72 kampar inkl plasseringskampar og finale.  Alle tre salane i hallen var i bruk og ein hadde sett opp to guteklassar og ein jenteklasse.

Finalen i guteklassen vart spelt mellom 2ELA1 og 1ELA2.  I jenteklassen spelte 2STA2 mot 3STA2

Vinnar av guteklassen vant 2ELA1, medan 2STA2 vant jenteklassen. Gratulerer.  Premieutdelinga tok ein på juleballet seinare på kvelden.

Tusen takk til Erlend, Kjell-Erik og Dan for vel gjennomført turnering og takk til spelarar, sekretariat, dommarar og fotograf for dagen, Lasse L. Håkelient

Her er nokre bilete frå turneringa;

Volley-1.jpg

Volley-2.jpg

Volley-3.jpg

Volley-4.jpg

Volley-5.jpg

Tips ein ven Skriv ut